Torsdagsturnering 2 – Ein kald og våt fornøyelse
Thursday 25. April 2013
Til tross for regn, vind og berre 2-3 °C fullførte 16 personar T-Tour 2 med godt pågangsmot. Det blei ein våt og kald fornøyelse for deltakarane.
Joakim Borchgrevink og Hans Langeland fekk best bruttoslag i turneringa, og brukte begge 59 slag. Hans Langeland brukte eit mindre slag enn Joakim på dei siste ni hola, og fekk difor første plass brutto. Ørjan Olaussen fekk 3. plass brutto med 62 slag.
I netto-tevlinga vart det svært jamt. Joakim Borchgrevink stakk av med 1. plass netto, med ein score på 50. Like Bak kom Hans Langeland og Petter Larsen, begge med ein netto på 51. På grunn av at Hans sin HCP er lågare enn Petter sin gjekk 2. plass netto til Hans Langeland, og 3. plass til Petter Larsen.
Arkivbilete av Joakim Borchgrevink
Premiering:
På nettoslag blir det brukt dollartabell, den med mest dollar ved årsslutt får ein flott premie. Trykk her for å sjå dollarfordelinga. Dei tre som har best brutto rekna i gjennomsnitt av 10 turneringar vil også bli premiert ved årsslutt. Premiane er enda ikkje heilt klare, men dei er like rundt hjørna.
Bilete av Hans Langeland i det han puttar det som ser ut til å bli ein birdie. Diverre spratt ballen opp igjen, og det vart par i staden.
Bilete av Anders Langeland i det han vrir all regnvatnet etter turneringa.
Som vanleg blir det torsdagsturnering neste torsdag. Den turneringa blir god oppvarming til vestlandsmeisterskap 04. mai. Det er no berre nokon få plassar igjen i vestlandsmeisterskapet, så her gjeld det å vere rask å melde seg på.
Fullt bruttoresultat finn du her.
Dollartabellen finn du her.


















. Koding: