Drama i innspurten i Vestlandsmeisterskapet
Sunday 5. May 2013
4. mai var det Vestlandsmeisterskap i Pitch & putt. 33 deltakar møtte opp til turneringa, ei turnering som premierte dei 6 beste spelarane med VM-billett til det føreståande meisterskapet som skal avhaldas i Galicia,Spania frå 04. – 07. juli.
Det vart etter kvart 2 spelarar det heile skulle dreie seg om: Anders Langeland og Frank Johnson.
Frank Johnson er ein rutinert spelar som blant anna vann 1st Norwegian International Open som gjekk av stabelen på Imjelt Pitch & Putt i Drammen 23-25 juli 2010. Lokalhåpet Anders har blant anna representert Noreg i verdsmeisterskap(Irland 2012)
Bilete av Frank Johnson
Då det var fire hol igjen, leda Johnson med tre slag over Langeland. Spenninga tilspissa seg ytterlegare då Langeland «fleska» til med hole in one på hol 15. Frank leda no berre med eit slag, og før siste utslag på hol 18 var leiinga utlikna.
Begge to hamna kort etter det siste utslaget, men etter at Anders chippa litt for langt, og bomma med nokre få centimeter på par-putten, kunne ringreven Johnson juble for turneringssiger då han senka paret til stor applaus frå publikum.
I tillegg til Anders Langeland, som var førehandskvalifsert, klarte også Kenneth Vika, Thor Gunnar Bjelland og Knut J. Langeland å kvalifisere seg til VM i Spania.
Kristtornskogen gratulerer, og ønskjer dei alle god tur til Spania.
Resultatliste finn du her.
Bilete av publikum som ventar i spenning
Bilete av 7 av dei 9 som er kvalifisert til VM(Anders Juel og Knut Langeland manglar). Fv. Frode Kausland, Thor Gunnar Bjelland, Kenneth Vika, Frank Johnson, Anders Langeland, Jan Vingen og Bernt Kristian Nerland
Fire av dei ni VM-kvalifiserte er lokale spelarar. Fv. Kenneth Vika, Anders Langeland og Thor Gunnar Bjelland(Knut Langeland manglar)
Bilete av Lasse Eggja, som var turneringa sin yngste deltakar. Til tross for at Lasse berre er 12 år gamal, var han ein av dei seks beste etter første runde.





















. Koding: