Siste torsdagsturnering før sommarferien
Wednesday 19. June 2013
T-Tour 10 var den siste torsdagsturneringa før sommaren. Både før og etter turneringa var det tørt, men under turneringa kom det enormt med regnvatn! Stor honnør til dei so haldt ut dei 18 hola!
Kenneth Frafjord vann torsdagsturneringa på beste netto. Nok ein gong var det «Langeleifen» som avgjorde det for Kenneth. Til alle som ikkje veit kva «Langeleifen» er, så er det den lange puttaren til Kenneth.
Arkivbilete av Kenneth Frafjord og “Langeleifen”
Nettoscore:
Plas. | Namn | Score |
1 | Kenneth Frafjord | 50 |
2 | Paal Haynes | 51 |
3 | Gunn Langeland | 51 |
–
Dollartabellen fin du her.
Fire personar fekk toppscore brutto, og brukte 58 slag. Avgjort ut i frå dei siste ni hola blei plasseringa slik:
Plas. | Namn | Score |
1 | Paal Haynes | 58 |
2 | Joakim Borchgrevink | 58 |
3 | Jan Åge Sande | 58 |
4 | Kenneth Vika | 58 |
–
Paal Haynes som har spelt jamt og bra heile vegen fekk 1. plass brutto. Full bruttoscore finn du her.
MATCHPLAY:
Dei som skal vere med i Match Play må melde seg på seinast 25.06. Match Play blir spelt med klasse 1 og klasse 2, så alle kan delta. Match Play kampane blir spelt og avtalt mellom dei enkelte spelarane. Semifinalar og finale vart spelt i midten av september Ca.