Ferieturnering 1

Friday 19. July 2013

Sommarøya viste seg frå si beste side då årets første ferieturnering vart spelt. Tureringa blei spelt over 18 hol med ½ HCP. Det vil være totalt tre ferieturneringar før det blir samanlagt premiering til første, andre og tredje plass. (Dollartabell blir brukt på same måte som ved torsdagsturneringane)

Det var svært jamt i toppen. Kenneth Vika og Anders Langeland hadde begge 57 slag brutto. På grunn av betre resultat på dei siste ni hola gjekk sigeren til Vika. Like bak kom Jan Åge Sande med 58 slag.

Jan Åge Sande hadde ein netto på 55, og stakk av med første plass netto. Like bak kom Anders Langeland og Kenneth Vika med ein netto på 56. På grunn av lågare HCP gjekk andre plassen til Anders.

Fullt resultat finn du her.

Einar Grønnevik oppsummerte turneringa slik: «Mange trivelege folk i godt sommarhumør deltok. De var kanskje litt lite folk på grunn av ferien, men elles ein flott dag i skogen! Det var veldig vellykka initiativ frå alle!»

God stemning og kaffipause! Fv. Rune Framnes, Einar Grønnevik, Ørjan Olaussen og Terje Salomonsen

2 tilbakemeldinger

  1. Rune sa Saturday 20. July 2013, klokken 12.07:

    Rune”Ace”Framnes såg lite nøgde ut etter 64 runde. Øljan deimot,kjempenøgde me 69 runde…

    Rune

  2. Jan Åge sa Saturday 20. July 2013, klokken 22.22:

    Nydelige dag med kjekke greener og hyggelige folk!:-)
    E` kje adle so lika seg i solsteiken… Ørjan og Terje glad og fornøyd i ein liten skygge klatt…
    Og so har me jo sjølvsagt Mr. Ace nåko nedfor i varmen itte ein hard runde på banen.. 🙂
    Einar`n. e godt nøgd med varmen og e vel litt enig i att litt kortere bein på bukso hadde kjølt litt der han koka litt i finaveret :-)))

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.