Årets siste ferieturnering

Thursday 1. August 2013

Den siste ferieturneriga av tre turneringar er no ferdig. Til tross for litt regn på slutten av siste turneringa har det vore fint vêr og god sommartemperatur i alle dei tre turneringane. Som dei andre gongane blei turneringa spelt med ½ HCP.

Anders Langeland og Thor Gunnar Bjelland brukte begge 54 slag, og fekk delt første plass brutto. Kenneth Vika kom like bak med 55 slag.

Det var svært jamt i toppen av nettoscoren. Thor Gunnar stakk av med førsteplassen, og hadde 52 i netto. Andre plassen gjekk til Anders som hadde ein netto på 53. Bak Thor Gunnar og Anders kom Kenneth Vika, Jan Åge Sande og Helge Sætre, alle saman med ein netto på 54. På grunn av HCP gjekk tredje plass til Kenneth Vika, fjerde plass til Jan Åge Sande og femte plass til Helge Sætre.

Etter at alle dei tre ferieturneringane var spelte var det på tide med premieutdeling til dei tre som hadde samla mest dollar på dollartabellen. Resultatet blei følgjande:

Plas. Namn Dollar
1 Anders Langeland 230 $
2 Kenneth Vika 200 $
3 Jan Åge Sande 195 $

Heile dollartabellen finn du her.

Dei tre vinnarane! Fv. Anders Langeland, Kenneth Vika og Jan Åge Sande

Anders Langeland med vinnarsmilet på

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.