Torsdagsturneringane er i gong igjen etter sommarferien – T-Tour 11
Thursday 8. August 2013
Torsdagsturneringane er no i gong igjen etter sommarferien. Den ellevte turneringa vart spelt i fint vêr, med god stemning. Kenneth Vika spelar svært stabilt! Vika brukte 55 slag, og stod for den beste bruttoscoren i turneringa. Joakim Borchgrevink og Einar Grønnevik spelte også bra, og kom like bak Kenneth med 56 slag brutto.
Jarle Larsen fekk den beste nettoen, med ein score på 48. Like bak kom Conny Strøm med 49 netto. Denne gongen var det flerie som kjempa om tredje plassen; Joakim Borchgrevink, Einar Grønnevik og Geir Ove Rydningen fekk alle ein netto på 50. HCP måtte avgjere plasseringa. Det endte med tredje plass netto for Joakim, fjerde plass til Einar og femte plass til Geir Ove.
Fullt bruttoresultat finn du her.
Dollartabellen finn du her.
Jarle Larsen i det han mottar premien
22. august reiser Jan Åge Sande, Geir Ove Rydningen, Astri Andersson og Einar Grønnevik til “treskoens land” – Holland for å spele Dutch Open. Dei spelar alle godt og stabilt, så dette lovar godt!
Fv. Geir Ove Rydningen, Jan Åge Sande, Astri Andersson og Einar Grønnevik
Kristtornskogen vil også gratulere Paal Haynes med hole in one på hol 18.
Paal Haynes


















. Koding: