T-tour 12 – Banerekord 2013
Thursday 15. August 2013
I den 12. torsdagsturneringa hadde deltakarane vêrgudane på si side, vêret holdt seg bra heilt til alle scorekorta var levert inn! I turneringa var det svært mange bra scorar. Det var det utan tvil Einar Grønnevik sin dag. Grønnevik hadde best score både på netto og brutto. Dette lovar svært godt fram mot Dutch Open 22.august. Einar brukte berre 51 slag, og hadde ein netto på 46. Dette er ny banerekord i 2013!
Bilete av Einar Grønnevik
No er det berre fem torsdagsturneringar igjen for i år, og for å vere med å kjempe om premiane må ein ha deltatt minst ti gongar.
For å finne bruttoscoren til alle som forsatt har ein moglegheit til å klare ti turneringar eller meir, klikk her.
Tabellen over dei som har deltatt mindre enn ti gongar finn du her.
Dollartabell finn du her.
Kristtornskogen gratulerer også Kenneth Vika med hole in one på hol fire!
Kenneth Vika

















. Koding: