Vestlandsmeister 2009: Anders Langeland

Wednesday 19. August 2009

100_0608

Anders Langeland chippar inn på det 6. holet.

Me vil gratulera Anders Langeland, Jostein Dahl og Kristi Ytredal Moe som nybakte Vestlandsmeistre i Pitch & Putt, i henholdsvis klasse A, B og dame.

For resultatliste sjå botnen av innlegget…

Etter 3 fantastiske dager med turneringsspel og mykje flott golf fekk me kåra tre verdige vinnarar i tre ulike klassar.

Klasse B

100_0589

Tre glade medaljørar i klasse B

Sundag 16,08 var Kristtornskogen Golfpark satt av til å avvikla Vestlandsmeisterskapet i Pitch and Putt, men veret ville det annarleies, og då det regna som verst på laurdagskvelden såg kommiteen seg tvungen til å utsetta turneringa til påfølgjande tirsdag og onsdag.

Nokre hardhausar fekk likavel løyve på særskilt grunnlag til å spela på sundagen.  Dermed vart det tre dagar med mykje godt golfspel før me på onsdag 19.08 fekk kåra den siste vinnaren.

Klasse B var først ut i elden og det skulle etter kvart visa seg å verta ei særs jamnspela pulje. Kunn 4 slag skulle til slutt skilja 1. frå 6. plass. Til publikums store gleie vart det omspel om både sigeren og tredje plassen. Jarle Mortensen og Hans Kristian Kismul skulle først i elden. Ein kunne sjå at publikum sitt nærver prega både to, men denne gangen var dei gamle eldst, og Mortensen drog dermed det lengste strået om 3. plassen.

Så skulle det heile avgjerast; Øystein Sætre versus  Jostein Dahl – Kulio versus Lauvdalen, eit godt gammaldags naboderby. Både to spelte dei  seg vakkert inn på greenen på fyrste forsøk, og etter eit litt halvhjerta forsøk på birdie,  satte dei oppskriftsmessig inn par puttane. Dermed måtte dei no ut i andre omspelsrunde.

Nytt utslag, og nok ein gang ligg Jostein på greenen. Øystein var ikkje mykje dårlegare han heller, og ein meter frå greenkanten var det berre å spela seg ellegant inn for å sikra eit respektabelt par.

Så skjer det…. det som dei fleste store idrettsutøvara frå tid til anna får føling med, nerver…… Øystein går på ein alder så liten sprekk, og etter nokre rundar att og fram over greenen står han med eit bokført med 6 slag. Stødige-Jostein feilar ikkje, og hentar dermed heim sigeren i klassen for dei framadstormande Pitch & Putt spelarane i regionen.

Klasse dame

Ei konsentrert Kristi Y Moe på hol 6

100_0606

Me var i denne turneringa så heldige å få med oss tre spreke damer med glitrande golfkvalitetar. Underteikna hadde gleia å  gå i flight med den av dei som lykkast best i dag.

Kristi Ytredal Moe kunne etter fint spel, der ho bokførte ein birdie og fleire par, steppa opp på på podiet og motta gevinsten som beste kvinne i “VM” 09.

Me håpar dei damene som var med i turneringa hadde det kjekt, og at det gav meirsmak med Pitch & Putt. Me vil gjerne ha fleire kvinnelege spelarar i Kristtornskogen. Verte dei mange nok vil me etter kvar laga til ein eigen damedag ein gong i veka.


KLASSE A

Om B klassen var jamnspela var det ikkje mindre nerver i klasse A. 5 spelarar innan 2 slag . Der Anders Langeland sneik seg det nødvendige slaget forran, og kunne dermed heva trofeet som årets Vestlandsmeister i Pitch and Putt. Anders seier sjølv at han ikkje kjende noko nerver undervegs og at han ikkje hadde rekna med å ligga heilt der framme i teten å kniva. Nervene meldte seg fyrst då han etter endte 18 hol såg på resultatlista at han var den ubestridte einaren i turneringa. Sjølv om det var ein noko overraska vinnar, vart han av mange i forkant rekna som ein outsider til trofeet.

Ein utruleg prestasjon for ein som fram til april i år knapt nok hadde tatt i ei golfkølla, og som på Pitch and Putt banen på Lanzarote i fjor heiv køllene, og kasta inn handkledet, då han klarte å “måka” ballen inn i respsjonen på eit nærliggjande hotell.

100_0602

Inge Moe viser Thor G. korleis det skal puttast ved hol 8


RESULTATLISTE KLASSE A
Plassering Navn Score
1 Anders Langeland 60
2 Thor Gunnar Bjelland 61 Etter omspel
3 Ben Ståle Henriksen 61 Etter omspel
4 Einar Bjelland 61 Etter omspel
5 Per Ove Langeland 62
6 Kenneth Vika 64
7 Halvor Grov 65
7 Ivar Bjordal 65
9 Sigfred Stangeland 66
10 Ole Erik Eriksen 67
10 Knut Onarheim 67
10 Inge Moe 67
10 Oddvard Hårde 67
14 Asbjørn Tverdal 71
15 Jan Eldøy 72
16 Sigurd Sævareid 73
16 Leiv Tveidta 73
18 Daniel Playfoot 75
RESULTATLISTE DAMEKLASSE
Plassering Navn Score
1 Kristi Ytredal Moe 72
2 Liv Ingrid Grov 74
3 Liv Berit Økland 92
RESULTATLISTE KLASSE B
Plassering Navn Score
1 Jostein Dahl 65 Etter omspel
2 Øystein Sætre 65 Etter omspel
3 Jarle Mortensen 66 Etter omspel
4 Hans Kristian Kismul 66 Etter omspel
5 Geir Ove Rydningen 68
6 Helge Sætre 69
7 Eivind Bjordal 71
8 Anders Ruud 77
9 Fred Larsson 79
10 Kai Rydningen 81
11 Joakim Brady 83
12 Chris Olav Severinsen 84
13 Tore Hammersland 86
13 Kristian Løvland 86
13 Ole H. Sætre 86
16 Peder Lunde 88
17 Øyvind Grov 89
18 Odd Magnus Severinsen 90
19 Michael K-Larsen 92

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.