T-tour 14
Thursday 20. August 2015
Torsdagsturnering 14 vart spelt i svært fin vær og blide spelara. Det vart heile to hole in one under dagens turnering. Det var Kenneth Vika og Sigurd Litlabø som var dei heldige, desse knall treffa skøyt dei heilt til tops i netto og brutto. Det var og jamt om tredjeplassen mellom Arne Strandenes og Morten Hillestad. Dei siste ni hola avgjorde resultatet. Det var også jamt om andreplassen i netto. bruttoresultatet vart slik:
1. plass: Kenneth Vika 51 slag
2. plass: Geir Ove Rydningen 55 slag
3. plass: Arne Strandnes 57 slag
På grunn av HPC vart nettoresultatet slik:
1. plass: Sigurd Litlabø 49 netto slag
2. plass: Kenneth Vika 51 netto slag
3. plass: Morten Hillestad 51 netto slag
Fv. Sigurd Litlabø og Kenneth Vika
Kristtornskogen Golfpark gratulerer Kenneth Vika med Hole in One på hol 11, og Sigurd Litlabø med Hole in One på hol 18!
Oversikt over andre som har fått Hole in One tidlegare kan du finne her.