Haust/vinter bane

Sunday 4. October 2015

Pitch & Put banen vil vera stengt i frå mandag 5. oktober fram til neste sesong begynner. I mellomtida vil det vere gode moglegheiter for å både oppretthalde og utvikle golfspelinga:

Haust / vinter treningsfelt vil opna 5. oktober. Dette kan nyttast fram til golfsesongen 2016 startar. Haust / vinter banen kan brukast av både pitch & put spelarar og erfarne golfspelarar. Ein kan blant anna øve på både utslag og chipping.  Løypa består av ni ulike hol med avstand i frå 40 – 90 meter mellom utslag og hol.  Det er også mogleg å slå til fleire av hola frå dei ulike utslaga. Ein kan difor øve på utslag på opptil 150 meter.

Dersom vêret tillater det, vil det bli arrangert nokre lørdag og søndagsturneringar. Følg med på nettsida eller Facebook sida for informasjon. Link til Facebook sida finn du her.

Pris: For 400 kr kan ein spele så mykje ein ynskjer fram til ny golfsesong startar i 2016.

Vell møtt 🙂

Trykk på bileta for større bilete.

Oversiktsbilete

Hol 5, 6 og 7

Hol 8 og 9, med hol 1 i bakkant


Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.