Knallbra innsats på dugnaden 01.mai!!

Monday 5. May 2008

Dugnadsgjengen

Det var godt humør og god arbeidsånd blant alle dei frammøtte på dugnaden på arbeidernes fridag. Dagen kan vel knapt nok nyttast til noko bedre enn til litt frivillig arbeid i god gammal arbeiderklasse ånd…

Dagen begynte som seg hør og bør med ein tale for arbeidernes rettigheter. Ryktet skal ha det til at mange gode poeng vart lagt fram, sjølv om det var eit begrensa publikum som fekk med seg Helge’n sine velvalgte ord.

Det var Fairwayen rundt hull 3, 4 og 5 som stod på agendaen i dag. Før dugnaden starta hadde Parksjefen som mål å få rydda det store området nederst mot Løvli som inbefatter hull 3 og 4, og når me då fekk rydda deler av området rundt hull 5 og, så må me sei oss særdeles fornøyd med innsatsen. Med stive ryggar og såre hender jobba folk så steinspruten stod, heile tida med eit godt humør og ein god historie som den viktigaste drivkrafta.

100_0278100_0283

Då me var ferdige allerede halvanna time før skjema, var området blitt støvsugd for både store og små steiner. Om det var den enorme innsatsen eller skralt utstyr som sørga for at me etter endt jobb stod igjen med ei handfull knekte river, skal vera usagt, men på eit tidspunkt blei eg sjølv beæra med ei rive som ikke var stort breiare enn ein middagsgaffel, – gjorde vist nytten den og.

Etter at folk hadde vore heima og pleid vannblemmer og såre musklar, var det duka for dugnadsfest med god mat og god drikke i klubbhuset; Kristtornbua.

Festen stod til langt inn i dei små nattestimer, og då folket rusla seg heimover var dei både mette, utørste og veldig glade.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.