Tørke!!
Friday 6. June 2008


Etter 5-6 veker med mest ingen nedbør er det nå knusk-tørt i Kristtornskogen.
Sjølv om det enkelte plasser spirer nok så bra, så er det ingen tvil om at den siste tids tørke har hemma framdrifta med Golfparken.
Bildet over til venstre er henta frå greenen til hull 9, eit av hulla der graset faktisk begynner å bli grønt. Diverre er situasjonen i resten av området mykje likare bildet til høgre. Jorda skrik etter vatn og ugraset koser seg. Men kva kan me gjer?…… Ingenting! Når det i tillegg for to veker sidan vart innført sonevatning, som i dag vart fulgt opp med totalt vatningsforbud, kan situasjonen sjå noko vanskeleg ut.
Men kjære golfvener, ta det med ro. Opninga av banen finn ikkje stad før til neste vår. Og om me så skal måtte luka heile området med bare hender for å få bukt med ugraset, kjem banen til å framstå som eit smykke i landskapet når den første svingen tas på opningsdagen. Og på mandag er det meldt regn og ruska-vèr. Ikkje noko me normalt sett håper på, men det er nå ein gang slik at vatn trengs for at graset skal gro.
I mellomtida……..Nyt finvèret og sumaren så lenge den er her!!















. Koding: