Nytt av året!
Monday 29. March 2010
Me vil i år tilby ein del arrangement som kjem til å gå på faste dagar gjennom heile året.
Juniorgruppa:
Kvar onsdag frå klokka 16.30-17.30 vil me arrangere junior trening. Den første treninga er satt opp onsdag 14.04. Grunna kapasiteten ved driving rangen har me her satt eit maksimalt antall til 15 ungdomar opp til 17 år. For dei som er under 13 år vert det krav til at ein av foreldra er med. Unntak frå dette kan avtalast i kvart særskilt høve med banemannskapet. Ein representant frå Kristtornskogen vil vera til stades under desse treningane. Nærare informasjon om opplegget vil bli gitt ved første trening.
Senior dag:
Kvar onsdag frå 10 .00 – 12.00 har me satt av til seniorane våre. Her vil me oppmoda alle golfinteresserte og Pitch and Putt interesserte eldre til å møta opp for ein god prat, ein kopp kaffi og ein runde og to med spel på banen. Prisen for greenfee inkluder kaffi på dette tidspunktet er satt til Kr 100,-
Torsdags turnering.
Kvar torsdag klokka 18.00 vil me arrangera turnering. Kvar turnering vil inngå i ein “tour” som vil gå gjennom heile sesongen. Det vil verte enkel premiering i kvar turnering, og noko gjævare premiar til dei beste gjennom heile sesongen. Me vil koma tilbake med nærare informasjon.
Fyrste turnering vil verte arrangert torsdag 15.04.
Bedrifts – serie
Gjennom heile sesongen kjem me til å ha ein bedriftsserie gåande. Kvar kamp speles mellom 2 lag der det er 2 på kvart lag. Kvart lag skal minimum spela ein gong mot kvar andre (ein eller to alt etter kor mange lag som er med). Kvart lag har lov til å nytta seg av inntil 6 spelarar gjennom heile sesongen.
Me kjem tilbake med turneringsform, reglar og ytterlegare informasjon innan kort tid.
Oppstart: midten av april
I tillegg til dette vil det bli arrangert, kvalifisering til NM, Noregs Meisterskap i Pitch & Putt, Stord Meisterskap og andre større hendingar i løpet av sesongen.
Me vonar at De får eit flott år i lag med oss her i Kristtornskogen Golfpark.













. Koding: