Siste green sådd!

Monday 14. July 2008

img_20671

I dag mandag 14.07 fekk me endelig sådd greenen til hull 8. Da SKL omsider vart ferdige med den store grøfta med gass, vatn, strøm og breiband til Aker Stord, og som går mitt under den nevnte greenen har det gått radig med resten av planeringa. Ein må sei at dette kjem til å bli eit meget vakkert hull og sannsynligvis også eit av dei vanskelegaste på banen.

I forkant av greenen vert det anlagt ei kunstig vanngrop, greenen er godt ondulert og i bakkant kjem det ei sandgrop som krev høg ballbane på den ballen som skal finna vegen ut av gropa og inn på greenen.

Det var fint ver for såing i dag – lett duskregn som gjorde at det vart sådd i ei halvfuktig greenmasse. Det samme veret er det også meldt i den næraste veka. For banen sin del kjem dette som kjærkomne dråpar.

Reparering etter tørkeperioden

Etter at den verste tørka gav seg i midten av juni har graset starta å spira igjen og me kan etter kvart sjå fin framgong i grasveksta.

Dette gjev håp om at me skal klara nå vårt mål om å ha ein vakker bane klar for spel når dei første golfarane kjem neste vår.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.