Status per 30.08.08

Saturday 30. August 2008

Dugnadsgjengen i full svingStrålende vær
08.08.08  Vart dei to platene til drivingrangen og redskapshuset støypt.

Det var ingenting å sei på motivasjonen til dugnadsgjengen som var med og støypte plattingane til dei to nybygga i Udnadalen. Med hjelp av ein dugandes lastebilsjåfør, ein stor betongbil og 5 staute karar, vart jobben gjort på litt i overkant av to timar.

I skrivande stund er dette nå litt over 3 veker sidan, og framdrifta i Kristtornskogen har vert formidabel sidan. Torsdag og fredag denne veka vart reisverket til redskapshuset satt opp, og på mandag står overbygget over utslaga på drivingrangen for tur.

Kvaliteten på graset har i det siste betra seg betraktelig, og ein kan nærast frå dag til dag sjå framgong i tettheten både på fairway og green. Viss temperatur og vær held fram som det har vært i det siste, med varme dagar og vekslande sol og regn, så vil resultatet verte strålande flott etter kvart.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.