Sol, dugnad og snart vår…

Wednesday 11. February 2009

Bilete frå bakkant av green 2 ein vakker dag i januar.

31012009145

Laurdag 31 januar hadde me dugnad i Kristtornskogen. Dagens oppgåve var å reisa to 7 meter høge “lyktastolpar” som skal fungera som feste for sikkerhetsnettet i bakkant av driving rangen.

100_0518

Med 8 ivrige arbeidarar tok det ikkje lange tida å få opp dei to stokkane. Per dags dato har me fått opp nett rundt halve driving rangen, samt alle krokane som dei resterande netta skal henga i både i bakkant av driving range og bakom hol 9.

Med stege og håndsag gjekk baneeigar Hans Langeland friskt til verks for å renska plass til netta. Hengande i toppen av trea, 8 meter over bakkenivå med undertegnede klamrande til stegen såg det ikkje alltid lika trygt ut, men jobben blei gjort og me reknar med å få opp dei siste netta i løpet av ei vekes tid.

Ellers kan da meldast at me har fått asfaltert parkeringsplassen og veien inn til Udnadalen, når redskapshuset i tillegg er smurt inn med tjæra starter det etter kvart å sjå rettelig så bra ut i området rundt Kristtornbua. Det er Ole Andreas Auestad som har stått for tjære jobben, og han har gjort eit strålande stykke arbeid.

Asfaltering av parkeringsplass
100_0514

Stiane i området er no ferdige, det samme er alle dei 9 utslaga, innandørs er plating av kontor og toalett komt godt i gang og me har starta å rydda kratt og småtrær i området rundt hulla.

I dag er det 20 cm med snø på bana. Me håper at dette er det siste snøfallet i år, slik at me kan få ein mild og solrik vår som igjen gjev oss nydelige greenar til opninga i starten av Mai.

Gamlatreet ved utslag 8

31012009149

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.