Pitch & Putt Tour 02(Torsdagscup)

Friday 30. April 2010

Resultata frå denne vekes torsdagscup er nå lagt ut.  Trykk her.

Jon Tvedte(arkivfoto)

Me vil nytta høve til å gratulera Jon Tvedte med ”Hole  in One” på  hol 1 i årets andre Pitch & Putt Tour.

Slaget var av den vakre sorten, med perfekt boge, ein sprett på greenen, og rett i koppen. Naturlig nok vart Jon litt rysta av draumeslaget, og slo så det påfyljande utslaget 90° til høgre.

Det er også vert å merka seg at Anders Langeland som har vist knivskarp form den siste tida, gjekk dei 18 hola på par – 54 slag, noko som er ny turneringsrekord i Kristtornskogen Golfpark.  Ein prestasjon det står respekt av!

Sjølv om veret vår grått, og skyene heile tida truga med regn, var det ein flott dag for Pitch & Putt i Golfparken.

Me håpar flest mogeleg nyttar seg av sjansen til å vera med neste torsdag, dette er skikkeleg kjekt!

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.