Monday 7. June 2010

Eit toppa Idealhus trakk det lengste strået

Etter kveldens storkamp er det nok ein gang dødt løp mellom Idealhus og XL Bygg i toppen av Bedriftsserien.

Det var eit jamnspela oppgjer, men etter kvart viste det seg at dei gamle fortsett er eldst, og Thor Gunnar Bjelland og Atle Irgens sikra dermed ein trygg 4-2 siger mot Anders Langeland og Arne Valvatne.

Det ryktast at Thor Gunnar spela opp mot sitt ypparste nivå denne kvelden, og når han hadde ein stabil makker i Atle Irgens hjelpte det lite at også det yngre XL Bygg spela ein god kamp.

Anders melder at kampen var i gang lenge før fyrste ball vart slått ut i frå Tee. Ikkje få meldingar skal ha gått i mellom dei to kapteinane i løpet av dagen. Litt venskapeleg ”utpsyking” krydrar eit kvart toppoppgjer.

For spaninga i serien var dette eit godt resultat. Med berre eit poeng mindre enn tetduoen lurer Kristtornbua like bak, og når ein veit at mange av dei andre laga har til gode å få ut sitt fulle og heile potensiale, ligg det an til ein spanande sommar i Kristtornskogen.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.