Hole in One med brekt arm!!
Saturday 10. July 2010
Me vil gratulera Rune Framnes med ein fantastisk Hole in One på hol 8.
Etter at Rune byrja spela hos oss i vår har han vore flittig med køllene i Kristtornskogen, og framgongen har vore stor på kort tid.
I forrige veke klarte han kunststykket å slå Hole in One på banens vanskelegaste hol, det 8. holet. Ein prestasjon stor nok i seg sjølv.
Det spesielle denne gangen var at Rune spela med knekt arm! Eg har søkt gjennom nettet, og har enda ikkje lykkast i å finna ei tilsvarande historie.
Det næraste eg kjem er Leo Fiyalk som fekk sin første Hole in One då han var blitt 92 år gamal og blind.
Eg fann også ein annan fantastisk Hole in One, men ei heller denne vart utført med armen i fatle:)
Rune knakk armen då han tidlegare i sommar ramla ned i fra et stillas. Det tok ikkje lange tida før han var tilbake på Pitch & Putt banen att. Eg mistenker at frykta var stor for at kammeratane Ørjan og Einar skulle få for stort forsprang i hans skadefravær.
















. Koding: