7 år, og yngstemann i Hole in One klubben
Monday 19. July 2010

Me vil gratulera Tobias Mortensen, som den yngste nokon gong, med Hole in One i Kristtornskogen Golfpark.
Ein stolt pappa, Jarle Mortensen, som sjølv er ein habil Pitch and Putt spelar, kunne konstatera at sonens vakre utspel på hol 1 trilla rett i koppen.
Vikarierande banemeister, og underteikna, synest det er gledelig at stadig fleire unge byrjar spela Pitch & Putt i Kristtornskogen Golfpark.
I same venda vil eg gratulera Helge Sætre som i dag laurdag 18.07 hadde ei utruleg nær Hole in One oppleving. På eit av hola, historia fortel ikkje kva for eit, slo han eit stødig utslag som landa elegant på greenen. Diverre for Helge kom superslaget ei veke for seint, for før ballen slo seg til ro hadde den trilla roleg over forrige vekes holplassering.















. Koding: