Tuesday 29. March 2011

Matchplay påsken 2011:  21. – 25 april

For dei av Dykk som heller ynskjer å spisse Pitch & Putt forma, enn å krangle med klister og klabbete føre på høgfjellet, vil me i år arrangere matchplay turnering frå skjærtorsdag til 01. påskedag.

Målet er å avvikla ein runde kvar dag. Kvar kamp går over 18 hol, og me spelar her ¾ handikap av det som Dykk normalt spelar til i turneringar i Golfparken. Før turneringa startar, vil det bli hengt opp eit oppslag med kor mange mottatte slag den enkelte deltakar har.

Påmelding innan sundag 17.04, e-post:  ksgolfpark@gmail.com tlf: 95 75 02 11 eller ved personleg oppmøte i ”Pro-shoppen”

Seniorgolf  2011: Oppstart onsdag 06.04 kl: 10.00

I  år som i fjor vil seniorane møtast i parken frå kl: 10.00 om onsdagane.

For berre 100 kr får dei ei korg med ballar til å slå ut på driving range, leige av køller og spela 2 rundar på banen.

Opplæring vert gjeve til alle nye spelarar.  Du treng dermed ikkje ha forkunnskap om golf for å vera med på dette.

Seniorgolfen startar opp med trening onsdag 06. april.

Frå og med onsdag 27.04, blir det lagt opp turneringar for dei som ønskjer å vera med på det.

Torsdagsturneringar: Oppstart torsdag 28. april kl 18.00

I forhold til å fjor, har me i år gjort nokre små tilpassingar for å gjera opplegget enda betre. Nytt og meir rettferdig handikap system er på plass.

Spelarane tener dollar i turneringane slik som i fjor, men i år vil me også presentera ein tabell som viser lågaste gjennomsnittlege brutto score.

10 av 17 turneringar vert gjeldande  i samandraget.

Dei 9 fyrste torsdagsturneringane gjelder også som kvalifisering til årets NM på Bryne. Ein må ha deltatt på 7 av 9 turneringar i denne perioden for å kunne kvalifisere seg denne vegen.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.