T-Tour 6 Torsdag 2.juni

Thursday 2. June 2011

Dagens sjette T-Tour gjekk føre seg i ufyseleg vêr i Udnadalen. Ergo, ingen godvilje fra Kristi i himmelen. Den som meistra forholda best var Asbjørn Tverdal (bilete). Med sterke 62 slag brutto enda han på 46 netto og var heile 5 slag betre enn nestemann. Nummer to var denne gong banemeister Hans, som heller ikkje lot seg affisera av regn, våte kølleskaft eller flau bris. 60 slag for ein som har slete på 70-talet (les: i P&P) må seiast å ver ein solid opptur. På tredjeplass kom yngfolen Sindre Lone med 52 netto. Han kunne i tillegg briska seg med historiar om Hole-in-One på det 5. holet. Ifølge dei andre i flighten hans var visst lukketreffet reinspikka flaks, sidan ballen hadde vert innom kvar ein stein og tua i “vrongahaugen” til venstre for green. Uansett gratulerar “bladfyken” so mykje!

Slagkonkurransen vart denne gong, som så mange gongar før, ei tevling mellom Thor Gunnar, Kenneth og Anders. Denne gong trakk Kenneth det lengste strået med ein fisefin 56 runde, 1 og 2 slag føre hhv TG og Anders. I følge oppsitjarar var faktisk Kenneth 3 under par etter 12 spelte hol, men med litt uflaks og kanskje litt nerver holdt ikkje superspelet heilt inn.

Resultatlister under:

Resultat T-Tour 6 – Slag

Resultat T-Tour 6 – HCP

Samanlagtlister kjem på måndag pga nydeleg ferievêr.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.