Hotellkongen gjorde reint bord!
Friday 1. July 2011
Kristtornskogen Golfpark vil gratulera Leiv M. Tveita med sigeren i torsdagens siste T-Tour før sumaren. Med sterke 51 netto, slo han Grova-bonden med 1 slag, og henviste han dermed til sølvplass denne veka. På 3. plass endte Banemeisteren, som kan sjå ut til å klara å snika seg med på NM-laget heilt i siste liten. For det var NM-plassane det dreia seg om denne siste dagen i juni. Kenneth, Anders, Einar, Ørjan, Sveinung og Liv Ingrid var allereie klare for NM-spel, men kven kunne kapra dei siste plassane? Kunne Andreas Salomonsen forsvara plassen sin, eller ville han bli utpsyka av Banemeisteren og ringreven fra Lauvdalen? Det heile kunne faktisk endt med katastrofe for den unge og lovande etter ein kollaps på det 18. holet. Han var i ferd med å trekke seg fra turneringa, men vart overtala til å fortsetje. Ingen knekte køller denne gong! Og det skulle visa seg lurt i å fullføra for Salomonsen. Med spel på +2 dei siste 6 hola klarte han å berga den 7. NM-plassen, med eit totalsnitt på 65,86.
Når det no i dag, fredag, ryktast fra P&P El Presidente, at Kristtornskogen kan få opptil 9-10 startplassar, vil dette også gi rom for plass til følgjande:
8. NM-plass: Peder Lunde
9. NM-plass: Hans Langeland (pga Hallvor Grov ikkje er aktuell for NM-spel)
10. NM-plass: Atle Irgens
Resultat -og samanlagtlister under:
















. Koding: