Årsfest 2011: Felleskjøpet vann sluttspelet!
tirsdag 4. oktober 2011

Felleskjøpet (frå v.) Roar Hystad, Jørgen Langhelle, Halvor Grov, Hans Langeland, Steinar Nordhus
Fredag 30.09 arrangerte Kristtornskogen Golfpark årsfest, med nattgolf og avslutning av sluttspelet i bedriftsserien.
Rune Isdal vart vinnar av nattgolfen, og Felleskjøpet trakk det lengste strået i ein særs spanande sluttspel finale.
Etter siger i T-Tour – både i slagkonkurransen og HCP-konkurransen – vart Kenneth Vika vinnar av eit gratis medlemskap for 2012 sesongen, i tillegg til ein Ipad gitt av SKL Breiband.
Hans Langeland vart trekt ut som vinnar av ei weekend for to på Bryne Kro & Hotell. Premien var sponsa av hotellet, som også er medlem i Norges Pitch & Putt Forbund.
Kristtornskogen Golfpark takkar gode sponsorar, ivrige medlemmar, og andre som har nytta Pitch & Putt banen vår i løpet av 2011 sesongen. Me håpar å sjå Dykk alle igjen når banen opnar att til våren.
| Nattgolf (9 hol) | Slag | |
| 1. | Rune Isdal | 30 |
| 2. | Ole Erik Eriksen | 31 |
| 3. | Steinar Nordhus | 33 |
| Sluttspel besdriftsserien | ||
| 1. | Felleskjøpet | |
| 2. | Stord Dekkservice | |
| 3. | Tannlege Danmo | |
| Turneringar som har gått over heile sesongen | ||
| Bedriftsserie | Poeng | |
| 1. | Idealhus | 34 |
| 2. | Aker Stord | 33 |
| 3. | XL Bygg | 30 |
| Seniorgolf | Poeng | |
| 1. | Wilfred Sætre | 470 |
| 2. | Halvor Grov | 453 |
| 3. | Leif M. Tveita | 340 |
| T-Tour HCP | Poeng | |
| 1. | Kenneth Vika | 849 |
| 2. | Anders Langeland | 687 |
| 3. | Ole Erik Eriksen | 640 |
| T-Tour Slag | Snitt | |
| 1. | Kenneth Vika | 54,8 |
| 2. | Anders Langeland | 56,5 |
| 3. | Ole Erik Eriksen | 60,7 |





















. Koding: