T-Tour 7 – 07.06.12
Thursday 7. June 2012
Nok ein gong er det eit kjent namn på topp. Kenneth Vika fekk beste brutto i T-Tour 7, på 58 slag. Like bak kom Einar Grønnevik med 59 slag. 3.plass brutto fekk Anders Langeland med 60 slag.
Full oversikt over brutto score finn du her.
Oversikt over pengepremiane (netto) finn du her.
Beste netto var det Kevin Hennis som fekk, på 46. Bra spel av Kevin! Astri Andersson fekk 2. plass, med ein netto på 51. 3. plass fekk Einar Grønnevik med ein netto på 52. Andreas Salomonsen fekk 4. plass, og ein netto på 53.
På bilete: Kevin Hennis (beste netto)
Flaggplasseringane var noko vanskelege, men ikkje like vanskelege som på Udnadalen Open. Også i dag var det flott golf vêr og folk var glade som alltid. Til saman deltok 23 personar i T-Tour 7.
(frå v.) Morten Hillestad, Fred Larsson og Willy Ersland koste seg på golfbanen.
Då alle scorekorta var levert inn, blei det trekning av ein middag for dei som var igjen. Ørjan Olaussen blei den heldige!
Bilete av premieutdelar (frå v.) Gunn Langeland og Ørjan Olaussen i det han tok i mot premien.
Bilete av Astri Andersson (2. plass netto) etter at resultatet blei kunngjort. Astri sin første plassering på nettolista fortente ein sigerdans!



















. Koding: