Meir frå NM

Sunday 5. August 2012

Fleire av hola i Trysil var som dei lengste hola i Kristtornskogen. Det lengste holet var 90 meter. I følgje Anders var banen likevel grei, og ikkje spesielt vanskeleg å spela. Dette viste også på scoren.

Spelet var svært jamt, og det var berre eit slag som skilte mellom dei tre beste. Anders Langeland hadde ei råsterk avslutning – der han spela -4 på dei siste 6 hola. Sølvmedaljøren senka 2 birdiar, ein hole in one og par på siste hol. Det 18. holet vart særs  spennande. Anders fekk eit kort utslag, men redda seg inn med ein lang chip, før han putta ballen i holet.

Langeland skal delta i VM i Irland 24-26. august saman med Jon Hovind Djup frå Trysil GK og Bernt Kristian Nerland frå Bryne Kro & Hotell. Anders ser fram til dette, og trur banen i Irland passar han fint. Banen er ganske lik banen i Kristtornskogen. Det blir mykje øving framover for Anders sin del.

Når det kjem til Lag NM, som var fredag 3. august ser resultatet for laga frå Kristtornskogen slik ut:

The A-Team: Anders Langeland og Andreas Salomonsen fekk 4. plass med totalt 73 slag. Anders og Andreas fekk ein litt dårleg start, men dei klare å hente seg inn igjen.

Team Slugger: Thor Gunnar Bjelland og Jan Åge Sande fekk 9. plass med totalt 75 slag.

Team Thailand: Einar Grønevik og Ørjan Olaussen fekk 14. plass med totalt 89 slag

Fullt resultat frå lag NM finn du her.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.