Storspel av Terje Salomonsen i T-Tour 11
Thursday 9. August 2012
Endeleg er torsdagsturneringane i gong igjen etter sommarferien. Elleve turneringar er ferdige, og seks turneringar gjenstår.
24 deltakarar møtte opp til T-Tour 11. Turneringa sin beste spelar blei denne gongen Terje Salmonsen som storspelte seg til både 1. plass brutto og 1. plass netto. Terje hadde 55 slag brutto, og ein netto på 45. Terje har vore ein trufast deltakar som har vore med heilt frå start, og deltatt på alle dei elleve turneringane som har vore. Dette er Terje sin første seier, men Terje er i slaget, så det er nok ikkje den siste! Banemeisteren Hans Langeland spelte også svært bra, og fekk 2. plass med 57 slag. Sylvvinnaren Anders Langeland fekk 3. plass med 58 slag.
Terje Salomonsen – arkivbilete
Full oversikt brutto finn du her.
Full oversikt netto finn du her.
Då turneringa var ferdig, blei det premietrekning. Som vanleg var stemninga på topp. Anders Langeland hadde vinnarlykke, og blei den heldige vinnaren av ei vinflaske. Her er litt bilete frå turneringa:
Tre gode golfarar som kosar seg, (fv.) Leiv Tveita, Wilfred Sætre og Halvor Grov




















. Koding: