Ny sesong i Kristtornskogen

Friday 8. March 2013

Velkommen til ny sesong i Kristtornskogen! Me ser fram til ein ny og spanande sesong i 2013.

14. april vert det opningsturnering i Kristtornskogen. I år som i fjor vert det Seniorgolf og Torsdagsturneringar. Årets fyrste seniorgolf vert 17. april. Dagen etter, 18. april startar Torsdagsturneringane. På seniorgolf vert det gratis opplæring for dei som ynskjer det. Greenfee for Seniorgolf vert på 110 kroner.

Andre turneringar i vår er bedriftsserie, Vestlandsmeisterskap, Udnadalen Open og Matchplay.  Bedriftseiren startar i april. Nærare informasjon vert sendt til lagleiarar. Vestlandsmeisterskapet vert spela med 2 x 18 hol. Her vert det kvalifisering til VM i Spania. Matchplay i år startar opp i mai, finalen vert 26. juni. Les meir på terminlista.

I år er det eit nytt og spanande utslag til green 6. Det nye utslaget er på 62 meter. Mellom utslag og green vert det eit provosorisk tørrlagt vannhinder. Dersom ballen hamnar i hinderet, droppast ballen ved eige dropp-punkt (markert med skilt). Straff: 1 slag.

Bilete er tatt frå utslag. Trykk her for å sjå større bilete.

Dette bilete er tatt frå motsatt side. Trykk her for å sjå større bilete.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.