Våren nærmar seg, og golfsesongen startar snart for fullt

Sunday 7. April 2013

Våren nærmar seg, og golfsesongen startar snart for fullt. Søndag 13. april Kl. 13:30 blir det opningsturnering på fine sommargreenar. Turneringa blir spelt med 18 hol. Det blir klasse 1 og klasse 2. Klasse 1 er for dei som har opp til 15 i HCP. Klasse 2 er frå 15 og oppover i HCP. Det blir sjølvsagt premiering i begge klassar.

Dersom du ynskjer å delta, send ein e-post til ksgolfpark@gmail.com, eller send ein melding til Hans Langeland (95 75 02 11) Det er også mogleg å melde seg på ved oppmøte 13. april. Dersom dette er tilfelle må det møtast ein halv time før turneringa startar. I veke 16 byrjar bedriftsserien, torsdagsgolfen og seniorgolfen så det kan vere lurt å få litt kamptrening.

Pris for turneringa er 180 kroner. Vell møtt!

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.