Årets første torsdagturnering

Sunday 21. April 2013

22 personar møtte opp og fullførte årets første torsdagsturnering 2013. Geir Ove Rydningen, Ole Erik Eriksen og Jørgen Langhelle fekk dagens beste nettoar:

Netto
Plas. Namn: Slag
1 Geir Ove Rydningen 47
2 Ole Erik Eriksen 50
3 Jørgen Langhelle 50

Her puttar Geir Ove vinnarputten på hol 6. Gjennom turneringa putta han bra, og beherska vinden godt.

Denne gongen var det Kenneth Vika, Ole Erik Eriksen og Geir Ove Rydningen som brukte minst bruttoslag på dei 18 hola:

Brutto
Plas. Namn: Slag
1 Kenneth Vika 54
2 Ole Erik Eriksen 56
3 Geir Ove Rydningen 57

Arkivbilete av Kenneth Vika

Her prøver Helge Sætre seg på birdie, med Halvor Grov som tilskodar.

Premiering 2013:

I år går me tilbake til dollartabell for netto. Ved turneringsslutt blir det premiert 1. plass i dollartabellen, og 1,2 og 3. plass i slagsspel. Netto blir også premiert på torsdagsturneringane.

For å vere med å konkurrere i slagsspel (brutto) må ein ha delteke minimum ti gongar på torsdagsturneringane. Alle som deltek i slagspelet er også med i trekninga av hovudpremien.

Klikk her for resultat frå turneringa. Dollartabell og bruttotabell kjem.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.