Lik score mellom VM-gutane i T-tour 6
Thursday 23. May 2013
Med best bruttoscore i turneringa viste dei tre VM-gutane, Kenneth Vika, Anders Langeland og Thor Gunnar Bjelland at plassane i VM er fortent. Dei hadde alle ein score på 57.
Arkivbilete fv. Kenneth Vika, Anders Langeland og Thor Gunnar Bjelland
Nok ein gong spelte Paal Haynes bra, og fekk denne gongen (som i T-Tour 4) beste netto. Haynes enda opp med ein nettoscore på 49.
Kristtornskogen vil også gratulere Geir Ove Rydningen med hole in one på hol 4! I følgje Rydningen er dette ikkje hans siste.
Her hentar Geir Ove Rydningen ballen opp frå koppen
Brutto resultat finn du her.
Dollartabellen finn du her.
Seniorgolf er no oppdatert, klikk her for resultat.
Her leitar fv. Kenneth Vika, Hans Langeland og Arne Strandenes etter ein bortkommen ball som for i fjellveggen og spratt ut igjen.


















. Koding: