Bra stemning, flotte speleforhold og gode scorar i T-tour 7

Thursday 30. May 2013

36 personar deltok i den 7. turneringa så langt i år. Det var bra stemning, flotte speleforhold og gode scorar!

Joakim Borchgrevink har spelt jamt og bra gjennom alle torsdagsturneringane, og har heile vegen vore høgt oppe på tabellen. I T-tour 7 stod han for den beste bruttoscoren, med 58 slag. Like bak kom Anders Langeland med 59 slag.

Joakim Borchgrevink

Bjørn Eldøy utmerka seg også med godt spel, og ein svært god nettoscore på 42! Håvard Holmedal hadde også veldig bra nettoscore med 44 poeng.

Bjørn Eldøy

Fullt bruttoresultat finn du her.

Dollartabellen finn du her.

Nesten kvar einaste torsdag er Gunn Langeland og Astri Andersson med på torsdagsturneringane. Det at dei er dei einaste kvinnene som er med set ikkje ein stoppar for nokon av dei! Fortsatt er alle som ynskjer å delta i torsdagsturneringane hjartelege velkomen, både menn og kvinner!

Bilete av dei gode veninnene, fv. Astri Andersson og Gunn Langeland

8. juni blir det Udnadalen Open i Kristtornskogen. I denne turneringa blir fire personar kvalifiserte til NM.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.