T-Tour 8 – Bra og kanskje noko uvanlege slag?
Thursday 6. June 2013
Nok ein gong vann Kenneth Vika beste bruttoscore i torsdagsturneringa. Vika brukte totalt 56 slag.
Når det kjem til nettoscoren, var det svært jamt i toppen, og kvar enkelt sin HCP avgjorde dei fire beste plasseringane:
| Namn: | Netto: | |
| 1. | Rune Framnes | 47 |
| 2. | Gunn Langeland | 47 |
| 3. | Kevin Hennis | 49 |
| 4. | Morten Hillestad | 49 |
I dag får alle spelarane stor skryt frå sekretariatet, absolutt ALLE scorekorta var ført heilt korrekt!
Bilete av Rune Framnes som jublar over seier!
Fullt bruttoresultat finn du her.
Dollartabell finn du her.
I turneringa vart det slått mange bra slag, og nokon kanskje litt utanom dei vanlege!
På hol fire skaut Nils Øyvind Helland (på bilete) ballen over vegen, og rett i autovernet. Ballen spratt tilbake, og landa innpå fairwayen. Helland brukte fire slag på holet. Dette er svært godt gjort, og det er tydeleg at Nils Øyvind Helland har fått nokon tips frå Thor Gunnar Bjelland den siste veka!
På hol 16 landa ballen frå utslaget til Kenneth Frafjord (på bilete) like utanfor greenen. Frafjord tok fram «Langeleifen» sin, og putta svært bra: ballen for rett i koppen!
Joakim Borchgrevink (på bilete) putta seg også til Birdie etter eit utruleg fint utslag på hol 11!
Bilete av Terje Salmonsen som chippa ballen opp i frå sanden og opp på greenen.
Kristtornskogen vil også gratulere Per Skjønnberg med hole in one på hol 10 under seniorgolfen 05.06 og Anders Langeland med hole in one på hol 16 i torsdagsturnering 8!
Per Skjønnberg





















. Koding: