T-Tour 9: Halvor Grov – Den eldste og beste spelaren

Friday 14. June 2013

Heilt frå start av har Halvor Grov vore ein ivrig Pitch & Putt spelar, som stiller flittig opp på turneringar. I T-Tour 9 var ikkje Halvor berre den eldste deltakaren, men han var også den med best nettoscore! Spelet var utruleg jamt; både Halvor Grov, Helge Sætre og Conny Strøm fekk ein nettoscore på 48. HCP avgjorde at Conny Strøm fekk 3. plass netto. Grov og Sætre hadde same HCP, og vinnaren måtte avgjerast ved å sjå på kven som spelte best på dei siste ni hola. Då det blei klart at Halvor spelte med eit mindre slag enn Helge på dei siste ni håla vart det klart at Halvor Grov endeleg hadde lukkast med seier!

Arkivbilete av Halvor Grov

Kenneth Vika spelte seg nok ein gong til 1. plass brutto. Som vanleg hadde Vika svært bra og stabilt spel, totalt brukte han 53 slag. På 2. og 3. plass kom far og son Hans og Anders Langeland hakk i hel etter kvarandre. 2. plass gjekk til Anders som hadde 56 slag, medan Hans Langeland fekk 3. plass brutto, berre eit slag bak Anders.

Kenneth Frafjord fekk hole in one i turneringa på hol 15, Kristtornskogen gratulerer!

Kenneth Frafjord

Fullt bruttoresultat finn du her.

Dollartabellen finn du her.

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.