Stord Open 2013

Saturday 31. August 2013

31. august vart Stord Open holdt i Kristtornskogen. Vêret holdt seg for det meste opplett, og stemninga var god! Turneringa blei spelt med 18 + 9 hol.

Klasse A:

Kenneth Vika spelte stabilt, og vann klasse A med 81 slag. Kevin Hennis kom sterkt tilbake dei siste ni hola, og spelte seg til sølvplass med 89 slag. Jan Åge Sande tok tredje plass med 92 slag.

Fullt resultat finn du her.

Bilete av Kenneth Vika i det han senkar ein Birdie.

Klasse A: fv. Jan Åge Sande, Kevin Hennis og Kenneth Vika

Klasse B:

I klasse B var det svært jamt! Morten Hillestad, Vidar Skulstad og Eivind Lunde hadde alle ein nettoscore på 97. Plasseringa blei avgjort på dei siste ni hola. Morten Hillestad fekk første plass, Vidar Skulstad andre plass og Eivind Lunde tredje plass.

Fullt resultat finn du her.

Klasse B: fv. Vidar Skulstad, Morten Hillestad og Eivind Lunde

(Trykk les meir for fleire bilete)

Topp stemning, pølser, vafflar, premieutdeling og glade golfarar:




Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.