Seier til Jarle Grov i T-Tour 15
Friday 6. September 2013
15 turneringar er spelt, og berre to gjenstår. Jarle Grov var best på netto med ein score på 50. Ikkje longt bak kom Rune Framnes med 51 i netto. Kenneth Frafjord fekk tredje plass, også med ein netto på 51.
Vinnaren, Jarle Grov
Thor Gunnar Bjelland og junioren Bård Skogen hadde best bruttoscore, med 55 slag.
For å finne bruttoscoren til alle som forsatt har ein moglegheit til å klare ti turneringar eller meir, klikk her.
Tabellen over dei som har deltatt mindre enn ti gongar finn du her.
Dollartabell finn du her.
Til helga er det NM på Sotra. Ti personar vil representere Kristtornskogen: Kenneth Vika, Thor Gunnar Bjelland, Kevin Hennis, Bård Skogen, Anders Langeland, Jan Åge Sande, Einar Grønnevik, Geir Ove Rydningen, Joakim Borchgrevink og Ørjan Olaussen. På lørdag blir det lagspel, på søndag blir det singel, individuelt spel. Kristtornskogen ynskjer alle lykke til!
















. Koding: