Udnadalen Open 2014

Tuesday 27. May 2014

Udnadalen Open vart spelt i strålande vêr med tilreisande frå både Bryne, Tysnes, Haugesund og Bergen. Banane var utfordrande og strategisk plassert av banemeisteren. Astri Andersson uttalte at banane var utspekulerte.

Det vart delt inn i klasse A og klasse B, og turneringa gjekk over 36 hol.

Det var svært spennande spel i klasse A. Etter den første runden med Shotgun, vart det satt opp nye flightar, der to ledarflightar gjekk ut til slutt. Gjennom heile runde to kunne ein følgje med på poengtavler for å sjå kven som låg best an til seier. Det såg lenge ut som det var Einar Grønnevik som kom til å vinne. Han spelte godt og stabilt på alle hola, og låg på første plass lenge. Då halv annan runde var spelt begynte Anders Langeland å ta innpå Grønnevik. Då Langeland hadde spelt sitt siste hol, og Grønnevik hadde eit hol igjen såg poengtavlene slik ut:

Det var jamt i toppen, og publikum venta spent på å sjå kven vinnarane blei.

Til slutt gjekk seiren til Anders Langeland. Topp tre i klasse A og klasse B ser slik ut:

(Klasse A var slagspel, klasse B var med HCP)

Alle sitt resultat finn du her.

Dei seks beste deltakarane vart kvalifisert til NM:

– Anders Langeland
– Einar Grønnevik
– Sveinung Aarskog
– Jan Vingen
–  Bernt Kristian Nerland
– Per Ove Langeland

Per Ove Langeland har ikkje moglegheit til å delta, difor blir også Kevin Hennis kvalifisert.

LES RESTEN AV INNLEGGET FOR FLEIRE BILETE.

Vinnarane i klasse A, fv. Sveinung Aarskog, Anders Langeland og Einar Grønnevik

Vinnarane i klasse B, fv. Steinar Grov, Halvor Grov og Erlend Grov

Halvor Grov

Willy Ersland i det han puttar ein fin put rett i koppen

Per Folgerø og Astri Andersson som kosar seg i det fine vêret

Pause

Etter ein runde med golfing var det fortent med litt mat

Anders Langeland i det han tar utslag

Einar Grønnevik sitt gode og stabile spel kom kanskje av alle sittepausane han hadde undervegs?

Banemeisteren fortente også litt sittepause

Jan Vingen som slår ballen opp frå sanden

Til slutt vart det premieutdeling

Og loddtrekning

Det vart også utlevering av ein forsinka pokal frå NM i 2013 til Bern Kristian Nerland. (T.v. Per Ove Langeland)

En tilbakemelding

  1. Rune Framnes sa Friday 30. May 2014, klokken 22.42:

    Bra turnering me møkje go golf. Anders ” Andy ” Langeland va den beste idag, tross festen dagen før, (va nok ikkje edru nor ann starta, eller nor me va ferdi) . Typisk!! ☺

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.