Resultat Dekk Partner Open 2014

torsdag 10. juli 2014

Dekk Partner Open 2014 vart spelt i strålande sommarvêr. Med ein temperatur på 30°C var det reine sydenstemninga i Kristtornskogen. Mange av spelarane merka nok godt den høge temperaturen, men til tross for dette vart det ei svært kjekk turnering. 26 personar møtte opp og deltok i turneringa. Det var spelt klasse 1 på slag og klasse 2 på HCP.

Det vart ein spennande kamp om førsteplassen i klasse 1. Etter at 18 hol var spelt hadde Anders Langeland og Kenneth Vika begge to brukt 54 slag. Det blei difor spelt omspel på hol 18, mellom dei to dyktige golfarane. Her vart det tre slag på Vika, medan Langeland klarte å senkje ein fin birdie. Anders Langeland blei då vinnaren av Dekk Partner Open 2014. Thor Gunnar Bjelland kom på tredje plass i klasse 1 med sine 57 slag.

I klasse to spelte Mindur Brundtland sin livs runde med berre 49 i netto, og blei difor vinnaren av Dekk Partner Open 2014 klasse 2. På andre plass kom  Ørjan Stokka med ein netto på 51. Også i klasse 2 var det jamt i toppen. Espen Fyllkesnes og Lars Peder Langeland hadde begge to 54 slag netto. Sidan dei to hadde lik HCP var det resultatet på dei siste ni hola som avgjorde kven vinnaren blei. Lars Peder Langeland fekk difor tredje plass i klasse 2.

Kristtornskogen gratulerer alle med flott innsats.

Fullt resultat frå klasse 1 og klasse 2 finn du her.

Vinnarane i klasse 1. Fv. Kenneth Vika, Anders Langeland og Thor Gunnar Bjelland

Vinnarane i klasse 2. Fv. Ørjan Stokka, Mindur Brundtland og Lars Peder Langeland

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.