Golfsesongen 2016

lørdag 8. oktober 2016

Gjennom året har det blitt arrangert fleire turneringar i Kristtornskogen. Alt i frå torsdagsturneringane og seniorgolfen som har gått jamnleg gjennom heile sesongen til Super Cup og Udnadalen Open.

Det har vore ein god del bra resultat i løpet av året, og mange har hatt god framgong.  Sjølv om vêret ikkje var så bra i sommar,  kom det likevel mange nye spelarar som meldte sin interesse for golfinga. Denne sesongen har også fotballgolfen opna. Dette vil me fortsette med i neste sesong.

Her kjem ein oppsummering av nokon av høgdepunkta i løpet av sesongen:

Bedriftsserie:

Bedriftsserien har gått gjennom heile sesongen. Det vart først spelt innleiande rundar før turneringa vart avslutta med Cup under avsluntinga i Udnadalen. Bowl It vann serien med 28 poeng. Både Kværner Prefab og Stord Anlegg fekk 23 poeng. Sidan Stord Anlegg har to fleire hol vunne, gjekk andre plassen til dei. Heile resultatet for dei innleiande rundane finn du her.

I bedriftscupen som blei spelt under avslutninga, blei det spelt bronsefinale og finale. Kristtornbua møtte Apply Leirvik i bronsefinalen. Her blei det siger til Kristtornbua. I finalen spelte Stord Dekkservice mot Bowl It. Bowl It gjekk sigrande ut av finalen, og blei både cupmeister og seriemeister.

Terje Salomonsen overleverer vandrepokalen til Bowl It. Fv. Arne, Fred, Rune og Jøran

Vandrepokalen

Stord Dekkservice som kom på andre plass i bedriftscupen. Fv. John William, Espen og Vidar. Marius var ikkje til stades då bilete vart tatt.

Kristtornbua som fekk bronse. Fv. Helge, Per Ove, Anders og Steinar

Apply Leirvik på fjerde plass. Fv. Rune, Erling, Eivind og Robert

Seniorgolf:

I løpet av sesongen har det blitt spelt totalt 23 seniorgolf turneringar. Her er det dei åtte beste turneringane som er teljande. Turneringane har  vore spelt med nettoscore og HCP. Gunnar Grov hadde best snitt med 52,6 poeng, og blei vinnaren av seniorgolfen 2016. Oddvin Flornes kom like bak med 52,9 i snitt. Halvor Grov  kom på tredje plass med 53,3 poeng i snitt.

Dersom seniorgolfen hadde gått på slag, hadde Oddvin Flornes hatt den beste bruttoscoren. I dei åtte beste turneringane hadde han 55,8 i snitt brutto.

Fullt resultat for seniorgolfen finn du her.

Arkivbilete av Gunnar Grov

Arkivbilete av Oddvin Flornes

Torsdagsturnering:

Totalt 17 torsdagsturneringar har blitt spelt i løpet av 2016. Her har både bruttoscore (slag) og nettoscore (slag – HCP) vore gjeldande.

I bruttotabellen kåra ein vinnaren ut i frå snittscoren på dei ti beste turneringane. Anders Langeland hadde best snittscore med 52 slag i snitt, og vann eit gåvekort for ei weekend for to på Bryne Kro & Hotell med halvpensjon. På andre plass kom Kenneth Vika med 53,6 slag i snitt, og vann ein avstandsmålar. Geir Ove Rydningen kom på tredje plass med 55,1 slag i snitt. Rydningen vann eit fint drillsett.

Heile bruttotabellen finn du her.

I tillegg til bruttotabellen, er det også dollartabell for torsdagsturneringane. I dollartabellen blir det delt ut dollarpoeng ut i frå kor høgt oppe ein kjem på tabellen i kvar turnering. Til dømes får ein 100 $ om ein kjem på første plass, 80 $ på andre plass og 70 $ på tredje plass osv.

I tillegg til første plass brutto, hadde Anders Langeland også mest dollar i tabellen, med totalt 824 $. Premien for å ha mest dollarpoeng, var 150 EUR. Geir Ove Rydningen kom på andre plass netto med 750 dollarpoeng. Kenneth Vika kom på tredje plass med 724 dollarpoeng.

Heile dollartabellen finn du her.

Bilete av Anders Langeland  og Geir Ove Rydningen i frå avslutninga.

Udnadalen Open:

Søndag 24. april vart Udnadalen Open arrangert.

Anders Langeland vann også denne turneringa. Les meir om turneringa her.

Første, andre og tredje plass klasse 1. Fv. Bernt Kristian Nerland, Anders Langeland og Geir Ove Rydningen.

Super Cup:

Super Cupen er den turneringa som har gått over flest hol i Kristtornskogen. Totalt gjekk den over 72 hol. 18 hol på fredagen, 36 hol på laurdagen og 18 hol på søndagen. Det vart spelt i to klassar, der klasse 1 gjekk på slag og klasse 2 på nettoscore med HCP.

Anders Langeland vart vinnar i klasse 1. Helge Liland vart vinnar i klasse 2.

Les meir om turneringa her.

Ryder Cup:

Etter tre rundar med Ryder Cup  på Tysnes, i Prestegardskogen og i Krisstornskogen, blei Krisstornskogen golfpark vinnar av turneringa, og sikra seg vandrepokalen som dei allereie hadde to “napp” i frå før.

Les meir om turneringa her.

British Open:

Fire golfarar i frå Kristtornskogen golfpark deltok i British Open som vart spelt i England i august. Totalt deltok 97 personar i denne turneringa. Geir Ove Rydningen kom på 22. plass. Arne Strandenes kom på 29. plass. Jan Åge Sande kom på 31. plass. Atle Mathisen kom på 51. plass.

Fv. Atle, Jan Åge, Geir Ove og Arne

Tysnes Cup:

Anders Langeland, Jan Åge Sande og Arne Strandenes frå Kristtornskogen golfpark gjorde det bra under Tysnes cupen, og kapra første, andre og tredje plassen. Anders Langeland kom på første plass brutto. Arne Strandenes fekk første plass netto. Les meir om cupen her.

Bilete er i frå Tysnes golfklubb si nettside.

NM 2016:

NM i Pitch & Put blei arrangert på Bryne Kro & Hotell i juni. Her deltok 13 deltakar frå Kristtornskogen golfpark. Anders Langeland kom på andre plass i NM. Arne Strandenes leverte også ei god turnering, og vart nest beste frå Kristtornskogen med sin 9. plass.

Les meir om NM 2016 her.

NM i Senior Pitch & Put:

Søndag 5. juni blei det spelt NM i seniorgolf på Sola golfklubb. Turneringa blei spelt med HCP. Tre spelarar her i frå deltok i turneringa: Jens Hinderaker, Helge Sætre og Bjørn Øystein Waage. Jens Hinderaker fekk første plass, og blei norgesmeister i Pitch & Put Senior.

Les meir om turneringa her.

Første og andre plass. Fv. Jens Hinderaker og Frank Vidar Johnson

Hole in one:

Her finn du ein oversikt over hole in one under turneringar i denne sesongen og tidlegare sesongar.

Nattgolfturnering:

Før avslutningsfesten i Kristtornbua blei det spelt nattgolfturnering. Nattgolfturnering er golfturnering i mørket, der ein bruker hovudlykt og sjølvlysande ballar. Turneringa blei spelt med halvt HCP på 9 hol. Lars Terje Karlsen kom på første plass med 22 poeng. Ivar Bergstø og Steinar Nordhus fekk begge to 27 poeng. På grunn av lågare HCP kom Ivar Bergstø på andre plass.

Utdeling av lysballar

Avslutning:

Etter at nattgolfturneringa var spelt, var det avslutningsfest i Kristtornbua. Her var det premieutdeling til vinnarar, god mat og topp stemning.

“Golfbanden” storkosa seg. Dette er første gongen dei har delteke på avslutninga og nattgolfen.

Vinnarane i nattgolfen fv. Lars, Terje (4. plass), Steinar og Ivar

Alle som har deltatt ti eller fleire gongar i torsdagsturneringane var med i trekninga av gåvekort for et halvt medlemsskap av 2017-sesongen. Vinnaren blei Ivar Bergstø, på bilete over.

Fred og Arne

Helge, Anders og Steinar

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.