NM: Siger til Lasse Eggja frå Bryne!

lørdag 2. juni 2018

Det vart ei triller avslutning av dei sjeldne under årets Pitch & Putt NM i Kristtornskogen.

Etter å ha leda nærast  heile helga, måtte Jan Åge Sande  sjå seg slått med minst mogeleg margin då NM vart avgjort på dag 2 på  det 18. holet

Anders Langeland og Lasse Eggja starta siste runden høvesvis 4 og 5 slag bak Sande. Men etter  hol 17 var det Anders  som hadde overtaket med eit slag på både  Sande og Eggja.

Anders og Jan Åge landa begge  for kort på det 18. holet, mens Lasse la seg opp for ein glimrande birdie mogelegheit. Anders putta for langt, og stod igjen med ein lei retur for par. Når så Lasse setter birdie-putten, og Anders feila for paret, var det kun Jan Åge som kunne snyta unge Eggja for sigeren. Det klarte han ikkje, og 17-årige Lasse Eggja skreiv seg inn i historiebøkene som tidenes yngste NM-vinnar i Pitch & Putt.

Gratulerer Lasse  med framifrå innsats!

Full resultatliste

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.