Pizza & Golf sesongen 2021

Wednesday 14. April 2021

Hei alle glade golfere!
I morgon, torsdag 15/4 startar me opp med Pizza & Golf sesongen 2021. Den vekentlega turneringa som i fjor erstatta T-touren.
Pizza & Golf speles kvar veke gjennom sesongen (tot. 17 veker), Frå veke 26-30 tar me sommarferie, men kompanserer med nokre sommarturneringer.  Kjem attende med meir info.
Kvar sundag deler Pizzabakeren Stord ut 2 store Pizza i premie, 1 til beste bruttoscore og 1 til beste netto score.
Reglar “Pizza & Golf”:
1. Helsedirektoratet sine reglar for gruppestørrelse og avstand må til ei kvar tid overholdes.
2. Flagga skal alltid stå i koppen. Dette for å minimere antall berøringer som kan føre til smitte.
3. 18 hols runde speles mellom torsdag kl. 10:00 og søndag kl. 20:00
4. Det må speles med markør. 2-4 personer i kvar flight.
5. Runden varsles til banemeisteren (Hans) per tlf., e-post eller i proshopen i forkant av at runden speles.
6. Sluttscore meldes umiddelbart etter runden på samme måte som i punkt 5.
7. Resultata summeres ved sesongslutt og det vil bli kåra ein samanlagt vinnar både i netto og bruttoklassen. For å delta i samanlagtkonkurransen må ein ha deltat minst i 10 av 17 veker.
8. Pris per veke er NOK 50,- for medlemer og NOK 190,- for dei som ikkje er medlem. Kan betales med vipps, kort eller kontant i proshopen.
9. Reglar fr øvrig iht. FIPPA sitt regelverk for Pitch & Putt.
10. Fyrste “Pizza og Golf” startar inneverande veke, og kan speles i tidsrommet torsdag kl. 10:00 – sundag kl. 20:00
Ha ein strålande flott golfsesong! ⛳😄
Med venleg helsing
Hans Langeland
Banemeister
Tlf: 95 75 02 11
E-post: ksgolfpark@gmail.com

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.