Match Play 2021

Sunday 25. April 2021

I år ynskjer Kristtornskogen Golfpark å invitere medlemmer og ikkje medlemmer til å delta i årets Match Play turnering.

Kort om Match Play: Match Play er ein speleform der (i dette tillfelle) 2 spelarar konkurrere mot kvarandre. Til forskjell fra slagspel der poeng reknes i antall brukte slag over 18 hull, telles poengene i Match Play i antall vunne enkelthull. Den spelaren som vinner flest av 18 hull, vinner kampen.

Me kan i år lokke med ein fantastisk flott hovedpremie til vinnaren. Premien består av eit gavekort på golfweekend for 2 personar hos gjestfrie Bryne Kro og Hotell, som kan bl.a. vise til fantastisk god service og eigen Pitch & Putt bane i hotellhagen. Premien må nyttast innan utgangen av 2021.

Premien inkluderer:

  • overnatting i dobbeltrom fra fredag-sundag, frukost inkl.
  • 3 retters middag fredag og laurdag
  • fritt spill på hotellets eigen Pitch & Putt bane
  • greenfee på Jæren Golfklubb 2 dager

Turneringa strekker seg frå midten av Mai til starten av Juli. Det vert i utgangspunktet sett opp grupper med 3 eller 4 spelarar (avhenger av antall deltakarar). Gruppene vert trekt. Me setter av 3 veker til gruppespelet, der ein avtalar innbyrdes i gruppene kamptidspunkt. Dei 2 beste frå kvar gruppe etter ferdig gruppespel, går vidare inn i cupspelet. I cupspelet er det vinn eller forsvinn metoden som gjelder. Me nyttar Pitch & Putt HCP under heile turneringa. Det HCP ein går inn i turneringa med, avsluttar ein også med. Kristtornskogen forbeholder seg retten til å justere HCP på spelarar som er reg. i Pitch & Putt sitt HCP system, men som ikkje har spelt ein teljande runde på over 1 år. Me spelar etter Fippa sitt regelverk for Pitch & Putt.

Meir utfyllande reglar henges opp på utsida av Proshop.

Her kan ALLE delta!

Pris er NOK 200,- for heile turneringa (samme for medlem som ikkje medlem).

Ein melder seg på ved å Vippse til #662985 Kristtornskogen v/Anders Langeland, mrk. Match Play 2021, eller ved å betale i Proshopen innan sundag 2. Mai. Bindande påmelding.

Spørsmål? ta kontakt med Anders 906 32 196 / Hans 957 50 211 eller mail; ksgolfpark@gmail.com

Då håpar me at så mange som mulig har lyst til å delta!

Med venleg helsing

Kristtornskogen Golfpark

bilete frå Bryne Kro og Hotell.

Product Image

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.