Kristtornskogen Tour 2022

Monday 18. April 2022

Hei!
Kommende veka starter me opp med årets torsdagsturnering (pizzagolf), eller Kristtornskogen Tour, som den kommer til å heite i år. Det blir 1 turnering kvar veke fremover, med ein fellesstart kvar torsdag kl. 11:00 og kl. 17:00. Kan ein ikkje spele turneringa om torsdagen så har ein allikevel mulighet til å delta i turneringa med å spele runden i løpet av helga og seinest søndag kl. 19:00. Da kan ein få runden godkjent med å ha med seg ein markør, det kan vera 2 stk som speler i lag og markerer for kvarandre. Flagga blir flyttet kvar onsdags kveld så tenker du å vera med på turneringa den veka, skal første runden du speler vera den tellende runden. Ein kan med andre ord ikkje trene på flaggplasseringane før ein speler turnering.


Kristtornskogen Tour (KT) kommer til å bestå av klasse 1 og klasse 2. I klasse 1 er det buttoscore som teller (slag), i klasse 2 er det nettoscore (hcp). Har du ikkje tidligere fått utdelt eit pitch and putt-hcp, så får du det ved oppmøte før turneringsstart. Ein kan kun delta i ein av klassene. Ein melder seg på i den klassen ein sjølv ønsker å spele i.


Spelarane i begge klassene vil bli rangert ut i fra opptjente dollar i ein dollartabell. Dette er dollar du dessverre ikkje vil bli rik på, men som fungerer som poeng. Altså, vinner du turneringa i din klasse så får du 100 tildelte dollar. Ender du som nr. 2, får du 80 dollar. nr. 3, 70 dollar osv. 


KT kommer til å bli spelt over tot. 20 turneringer. 17 torsdager/helger, Udnadalen Open (ei helg i Mai) og Sunnhordland Mesterskapet (August). Sunnhordland Mesterskapet blir ei fellesturnering  sammen med Tysnes Golfklubb. Mesterskapet blir spelt over 36 hull, 18 hull på Tysnes og 18 hull i Kristtornskogen. Ein vil kunne tjene opp dollar i KT utifrå plasseringen i kvar av desse 2 18 hulls rundene.


Når me kommer ut i August/September og det gjenstår 4 turneringer av KT så vil me gradvise auke på med dollar. Aller mest dollar vil ein kunne tjene i den siste og avsluttende turneringa av KT. På denne måten vil kanskje spenningen holde seg heilt til siste slutt.


Det skal deles ut veldig mange dollarpoeng gjennom årets KT så her er ikkje løpet kjørt om ein misser ei turnering. Men alle dollarpoenga ein tjener opp teller på sluttabellen så det anbefales å få med seg så mange turneringer som mulig.


Me vil i år som før, dele ut gavekort på pizza frå Pizzabakeren. Me har 34 gavekort som skal fordeles på 17 torsdagsturneringer. Vinnerne av klasse 1 og klasse 2 vil kvar veke få tildelt kvar sitt gavekort. Vinnerne vil me først kunne kåre søndagskvelden når alle som ønsker har fått mulighet til å spele turneringa.


NB. Alle pitch and putt turneringer speles med pegg (min. 5 mm) fra utslag. Ellers er det fr øvrig regler iht FIPPA sitt regelverk for Pitch and Putt som gjelder.


Første turneringa i KT er altså allerede kommende torsdag 21. April. Kl. 11:00 og 17:00.Pris for å delta i torsdagsturneringa er 60,- for medlemmer og 210,- for ikkje-medlemmer.


Ved sesongslutt vil me premiere dei tre beste i kvar klasse.


Ta kontakt med Anders 906 32 196 om ein har spørsmål.
Dette blir skikkelig gøy, her kan absolutt alle delta!!😀
Velkommen til Kristtornskogen Golfpark. ⛳️🏌️‍♀️

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.