Match Play 2023

Sunday 9. April 2023

Hei!

I år ynskjer Kristtornskogen Golfpark på ny å invitere medlemmer og ikkje medlemmer til å delta i årets Match Play turnering!

Turneringa vart ein suksess i 2021 då den sist vart arrangert.

Kort om Match Play: Match Play er ein speleform der (i dette tillfelle) 2 spelarar konkurrere mot kvarandre. Til forskjell fra slagspel der poeng reknes i antall brukte slag over 18 hull, telles poengene i Match Play i antall vunne enkelthull. Den spelaren som vinner flest av 18 hull, vinner kampen. 

Me kan lokke med ein fantastisk flott hovedpremie til vinnaren. Premien består av eit gavekort på golfweekend for 2 personar hos gjestfrie Bryne Kro og Hotell, som bl.a. kan vise til fantastisk god service og eigen Pitch & Putt bane i hotellhagen. Premien må nyttast innan utgangen av 2023.

Premien inkluderer:

  • overnatting i dobbeltrom fra fredag-sundag, frukost inkl.
  • 3 retters middag fredag og laurdag
  • fritt spill på hotellets eigen Pitch & Putt bane
  • greenfee på Jæren Golfklubb 2 dager

Turnerings-start/slutt er ikkje satt, men kjem til å strekke seg frå  starten av Mai til ca midten av Juni (ferdig til skuleferien). Det vert i utgangspunktet sett opp grupper med 3 eller 4 spelarar (avhenger av antall deltakarar). Gruppene vert trekt. Me setter av 3-4 veker til gruppespelet, der ein avtalar innbyrdes i gruppene kamptidspunkt. Min. 2 beste frå kvar gruppe etter ferdig gruppespel, går vidare inn i cupspelet. I cupspelet er det vinn eller forsvinn metoden som gjelder. Me nyttar Pitch & Putt-HCP (handicap) under heile turneringa. Ein spelar med flytende HCP så det handicapet ein går inn i turneringa med, er nødvendigvis ikkje det ein avsluttar med. Kristtornskogen forbeholder seg retten til å justere handicapet på spelarar som er reg. i Pitch & Putt sitt HCP system, men som ikkje har spelt ein teljande runde på over 1 år. Me spelar etter Fippa sitt regelverk for Pitch & Putt. 

Meir utfyllande reglar henges opp på oppslagstavla v/ Proshopen.

Her kan ALLE delta!

Pris: NOK 250,- for heile turneringa (medlemmer og ikkje-medlemmer).

Ein melder seg på ved å Vippse til #662985 Kristtornskogen v/Anders Langeland, mrk. Match Play 2023, eller ved å betale i Proshopen innan sundag 23. April. Bindande påmelding.

Spørsmål? ta kontakt med Anders 906 32 196 / Hans 957 50 211 eller mail; ksgolfpark@gmail.com

Då håpar me at så mange som mulig har lyst til å delta! 

Med venleg helsing

Kristtornskogen Golfpark

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.