T-Tour 1

Wednesday 24. April 2024

Pitch and Putt⛳️

T-tour 1

Flott oppmøte då 29 stk fullførte forrige vekes t-tour!🏌🏽‍♂️

Benjamin Davidhaug viste at han er ein å regne med då han stakk av med sigeren i årets aller første t-tour. Benjamin leverte sin beste runde i turneringssamanheng med 64 slag brutto og 47 slag netto. Han spelte seg samtidig ned heile 4 (!) slag i hcp, fra 16,6 til 13,0, så her er det bare til å holde nivået oppe! 😅
Vinner bruttoscore denne veka vart Ivar Bergstø som gjekk ein fin runde på par, 54 slag.

I år er det altså nettoscore som gjelder i t-tour. Her kjem hovedpremiene til å bli delt ut. Kvar spelar får sitt handicap trekt i fra eller lagt til (alt etter som) bruttoscore (antall slag brukt på 18 hull) og på den måten kjem me frem til nettoscore som blir gjeldene resultat.
Resultatet legg me inn i ein tabell som ein finn på heimesida vår under linken «T-Tour24». Denne tabellen rekner ut gjennomsnittet av dei 10 beste av 17 t-tour-turneringer i løpet av årets sesong. Den spelaren med lågast gjennomsnitt score til slutt, vinner årets tour🏆
Me kjem også til å kåre beste brutto-spelar for årets sesong, dette blir Player og the year🏆

Første turneringsdag i veka er torsdag. Då køyrer me fellesstart kl. 11:00 og 17:00. For pitch and putt-miljøet og samholdet er det alltid kjekt når flest mulig stiller til desse tidspunkta, men me har full forståelse for at det ikkje alltid lar seg gjerast. Me har derfor dei siste åra opna opp for at ein kan spele turneringa heilt fram til søndag kl 19:00 i same veke. Alt ein treng er ein markør som kan godkjenne runden. Det kan vera to eller fleire kompiser/venninner som speler i lag og godkjenner kvarandres runder🏌🏽‍♂️🏌️‍♀️

I år som tidligere år deler me ut kvar veke 2 stk gavekort på pizza fra Pizzabakeren Stord.

Me vil kvar torsdag trekke eit gavekort blant dei som speler t-tour den dagen. Det siste gavekortet går til vekes-vinner av nettoscore.🍕

Tore Hammersland vant loddtrekninga og vinner med det årets første «pizzakort»
Benjamin Davidhaug vant som kjent på nettoscore og får også med seg eit gavekort. Kristtornskogen gratulerer!👏

Ny turnering allerede kommende torsdag med start kl. 11:00 og kl. 17:00!

Vel møtt!😃

Legg igjen en kommentar

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.