KONTAKT OSS

OPENT/PRISAR

NYHENDE

LÆR Å SPELA GOLF PÅ STORD

BEDRIFTSGOLF

SERVERING/ RESTAURANT

- Opplæring til alle
- 9 hol (18 utslag)
- Kølleutleige
- Pro-shop
- Driving range
- Enkel servering

Banen er nå stengt for sesongen -  Velkomen igjen til våren.

(Open for alle)

Kristtornskogen Golfpark på Stord, distriktets første Pitch & Putt golfbane.

Bana ligg i naturskjøne omgivnader ca 2 km frå Leirvik sentrum, i umiddelbar nærleik til Aker Stord.

Dei 9 hola (2 utslag per hol) som bana består av strekk seg frå 29 – 77 m, og er både kjekke og utfordrande å spela.

Me vil ønskja Dykk hjarteleg velkomen til ei golfoppleving litt utanom det vanlege.


Resultat turnering 8. og 15 oktober

lørdag 8. oktober 2011

Fullstendig resultatliste frå årets siste turnering, som vart spela over to helger – Kristtornskogen 08. okt. og Prestegarden15. oktober.

Les meir | Publisert i Nyheter | 2 kommentarer

Turnering 08. og 15. oktober

onsdag 5. oktober 2011

Det vert arrangert Pitch & Putt turnering i Kristtornskogen Golfpark og på Stord Golfbane i oktober.

Laurdag 8. oktober kl. 13,00 i Kristtornskogen.
Laurdag 15. oktober kl. 10,00 i Prestegarden.

Det vert spela 18 hol på begge banar, og resultatet samanlagt vert premiert.

Dei som ynskjer å berre vera med ein gong kan delta, men kjem ikkje med i samandraget.

Spelet er etter P/P sitt handicapsystem og reglement. På Prestegarden vil grønt utslag bli plassert på 40-80 meter frå green.
Startkontingent kr. 100,- på kvar bane.

Turneringa er open for alle. (også dei utan grønt kort.)

Det er ikkje greenfee for denne turneringa.

Påmelding ved frammøte 30 minuttar før eller ring Kristtornskogen Golfpark.
Med helsing

Ben Ståle og Hans

NB. Håpar mange kan delta, då dette er ein test på neste års Ryder Cup som vil bli arrangert mellom dei to banane.

www.ksgolf.no

www.stordgolf.no

www.stordgk.no

klubb@stordgolf.no

ksgolfpark@gmail.com

Stord Golfklubb tlf. 90 69 33 03

Kristtornskogen tlf: 95 75 02 11

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

Årsfest 2011: Felleskjøpet vann sluttspelet!

tirsdag 4. oktober 2011

Felleskjøpet (fra venstre) Roar Hystad, Jørgen Langhelle, Halvor Grov, Hans Langeland, Steinar Nordhus

Felleskjøpet (frå v.) Roar Hystad, Jørgen Langhelle, Halvor Grov, Hans Langeland, Steinar Nordhus

Fredag 30.09 arrangerte Kristtornskogen Golfpark årsfest, med nattgolf og avslutning av sluttspelet i bedriftsserien.

Les resten av dette innlegget »

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

HCP-update til 2012 sesongen

mandag 3. oktober 2011

HCP update til 2012

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

T-Tour 18: Siger til Espen Kyvik

fredag 30. september 2011

Årets siste og attande torsdags-tour vart vunne av Espen Kyvik. Han endte på 50 nette, 2 slag føre Ole Erik og 3 slag føre Rune Isdal.

I slagkonkurransen vann Ole Erik med ein fin runde på +4.

Resultat T-Tour 18 – Slag

Resultat T-Tour 18 – HCP

Samanlagtlister under:

T-tour Samanlagt – Slag

T-tour Samanlagt – HCP

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

HCP-update til T-Tour 18

tirsdag 27. september 2011

HCP update 290911

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

Sesongavslutning i Spania

tirsdag 27. september 2011

Vidar Skulstad inviterte i helga gode kameratar med på tur til hans residens i Spania. Med i følgjet var (frå venstre på biletet) Mindur Brundtland, Johannes Skjerven, Hans Langeland, Vidar Skulstad, Steinar Nordhus og Tore Hammersland.

Sundag var turneringsdag, og det vart spela 18 hol på ein flott og til dels krevjande Pitch & Putt bane. Den prestisjetunge turneringa – dei seks i mellom – vart vunnen av Tore Hammersland tett følgt av Vidar Skulstad, med Steinar Nordhus på tredje plass.

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

T-Tour 17: Ungdomen gjorde storeslem!

fredag 23. september 2011

Gårsdagens nest siste T-Tour enda i dobbelsiger til to spreke ‘46-modellar.

Ole Erik spela ein kanonrunde på +3 og sikra gullet på sterke 50 netto. Han kan dermed innkassera 100 dollar. Wilfred Sætre noterte ein fin runde på +10 (51) og knabba sølvet føre naso på Torleiv Sydnes (også 51) pga lavare hcp.

Ole Erik sin gode 57 runde holdt til 2.plass i slagkonkurransen. Kenneth tok nok ein siger med sin solide runde på par.

Banemeisteren melder om 21 påmeldte og forholdsvis opplett vêr og kurante speleforhold.

Resultat T-Tour 17 – Slag

Resultat T-Tour 17 – HCP

Samanlagtlister under:

T-tour Samanlagt – Slag

T-tour Samanlagt – HCP

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

Nattgolf/avslutning 30.09.11 kl. 17.00

tirsdag 20. september 2011

Fylg linken for ytterlegare informasjon.

PÅMELDING INNAN ONSDAG 28.09.11

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

HCP-update til T-Tour 17

tirsdag 20. september 2011

HCP update 220911

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

T-Tour 16: Siger til hovmeisteren fra Rommetveit!

torsdag 15. september 2011

Hovmeisteren serverer ein birdie fra Jossajuvet - NB! Legg merke til den framifrå kvaliteten på greenen!

Rune Isdal, betre kjend som Hovmeisteren, tok ein meget sterk siger i kveldens 16. T-Tour. Med stø hånd serverte han ballane silkemjukt på green og kontant i koppen og enda totalt på uhyre pene 47 netto. Det er tydeleg at han får god mat og godt stell ute på Valhall feltet, men spørsmålet er om han har prikka inn toppformen for seint? Eit anna spørsmål vil vere om han endeleg kan kvitta seg med tilnamnet Sirupsdalen? På ein fin 2. plass følgte Ole Erik med 50 netto. Ørjan Olaisaloisen noterte seg for 52 netto, og tok dermed 3. plassen.

I slagkonkurransen vart det jamnt. Særs jamnt. 1 slag skilde 5 mann. Benny og Ole Erik gjekk på 58, medan Rune, Anders og Kenneth klokka inn på 59. Sigeren gjekk til Ole Erik, pga at han var best på siste 6 hol. Siste 9 hol spelte Ole Erik og Benny likt. Kenneth tok 3.plassen pga at han var betre enn Rune og Anders på siste 9 hol.

Resultat T-Tour 16 – Slag

Resultat T-Tour 16 – HCP

Samanlagtlister under:

T-tour Samanlagt – Slag

T-tour Samanlagt – HCP

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

Oppdatert HCP-liste til T-Tour 16

tirsdag 13. september 2011

HCP update 150911

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

Klart for sluttspel i bedriftsserien

søndag 11. september 2011

Sluttabell for seriespelet i bedriftsserien.

1/8 finale i sluttspelet.

1/8 finalane må spelast i løpet av veke 37. Me oppmodar alle lag til å ta initiativ, slik at kampane blir avvikla i løpet kommande veke.

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

T-Tour 15: Tett kamp i teten

torsdag 8. september 2011

Det var ingen som klarte tukta formspelaren Anders Langeland, då han i T-Tour 15 tok sin andre turneringssiger på under ei veka. Dagens vinnar-score enda på 51 slag netto.

På plassane bak fylgde alltid stabile, Kenneth Vika og Ben Ståle Henriksen, med høvesvis 52 og 53 slag netto. Vika sin runde på 53 slag brutto vart dagens beste score.

Resultat T-Tour 15 – Slag

Resultat T-Tour 15 – HCP

Samanlagtlister under:

T-Tour Samanlagt – Slag

T-tour Samanlagt – HCP

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

Seniorgolf veke 35

onsdag 7. september 2011

Seniorgolf veke 35

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

Bedrifsserien veke 35

tirsdag 6. september 2011

Oppdatert bedriftsserie til og med veke 35 er nå lagt ut.

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

Oppdatert HCP-liste til T-Tour 15

tirsdag 6. september 2011

HCP update 080911

NB! Kun rundar på 18 hol er HCP-regulerande. Ergo, siste 9 hol på Stord Open søndag 4.sept, hadde ingen innverknad på dykkar HCP.

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

Siger til Anders Langeland etter strålande siste runde!

søndag 4. september 2011

Bilete: Anders Langeland under NM 2011

Yngste blad Langeland spela i kveld sin aller beste golf, og runda dei siste 9 hola på -4 i høve banens par. Med det klatra han frå 3. plass, etter fyrste 18,  til ein klar siger, heile 3 slag forran Kenneth Vika som vart nummer 2.

Ben Ståle Henriksen tok 3. plassen med 84 slag – 4 slag bak vinnaren.

Topp 3 klasse B:

  1. Arne Strandenes 102 slag
  2. Håvard Mæland   103 slag
  3. Conny Strøm         104 slag

Resultatliste klasse A

Resultatliste klasse B

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

Stord Open 2011: Flight-oppsett

lørdag 3. september 2011

Flightene for Stord Open 2011 er nå klar. Ved fråfall på turneringsdagen, kan det bli gjort enkelte rokeringar.

Klasse A – Start: 14:00

Klasse B – Start: 14:00

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

T-Tour 14: Siger til Joakim Borchgrevink

torsdag 1. september 2011

Joakim Borchgrevink vann i dag T-Tour 14 med 49 netto.

Kenneth speler for tida stabilt godt, og med 51 slag netto, enda han på 2. plass i turneringa. Benny enda òg på 51 netto, men blei slått av Kenneth pga høgare hcp.

Med ein fin runde på -1, var det derimot ingen som klarde å tukta Kenneth i slagtevlinga.

Andreas Salomonsen og Hans Langeland klarde Hole in One. Salomonsen på hol 1 og banemeisteren på hol 3. Me gratulerer med flotte prestasjonar!

Resultat T-Tour 14 – Slag

Resultat T-Tour 14 – HCP

Samanlagtlister under:

T-Tour Samanlagt – Slag

T-tour Samanlagt – HCP

Les meir | Publisert i Nyheter | Ingen kommentarer

Kristtornskogen Golfpark drives med kraft fra WordPress. Design: 0. Koding: unbornchikken.com.